#Denfølelsen – Captain’s corner

I morgon startar sesongen mot Blindern, den fyrste kampen i 2016 for BRK i Norgesmeisterskapen i XVs 2016. Sist gong me spelte mot dette laget endte min fyrste bortekamp som kaptein med historias fyrste tap mot Blinder/OSI, ikkje akkurat lukkelege minner med andre ord. I år er eg sikker på at dette kjem til å bli retta opp!

Den fyrste kampen i ein sesong er alltid spanande og det er nok mange rugbyhovud rundt om i Noreg som spør seg om korleis styrkeforhold har utvikla seg. Når sporten er så liten som den er kan eit par nye spelarar vere forskjellen mellom ein fantastisk og middelmådig sesong. For oss har vinteren vore lang, fjoråret var på mange måtar ein suksess, men rosinen i pølsa mangla då Stavanger tok ein fortent siger i finalen.

For meg, har dette vore ein vikteg motivasjon gjennom vinteren, og lysten til å ta gullet «hem» er sterkare enn den har vore på lenge. Me har vore heldige og fått behalde ein god stamme av spelarar og samtidig fått inn nokre nye, (og stort sett) norske spelarar som er lærevillige og vert betre for kvar gong eg ser dei. Likevel, har me vore uheldige med jobbreiser og skadar som gjer at me berre tar med oss 16 spelarar over fjellet, så kampen i morgon vert ein tøff affære.

Blindern har tradisjonelt vore ein talentfabrikk og fått fram mange unge norske spelarar, spesielt frå universitets og høgskulemiljøet i Oslo. Det er difor ekstra kjekt at i morgon får 3 spelarar sin debut som har gått gradene gjennom skuleprosjekt og juniorlag til å skulla starta for seniorlaget. Mario, Jefta og Marcus er unge spelarar og menn som imponerer stadig og eig ikkje respekt for dei eldre, noko som er herleg å sjå! Det manglar likevel ikkje på erfaring i troppen, både Karl og Willie går vel under tittelen distingvert og kan snart kreva honnørrabatt på bussen, men held likevel koken og pushar oss yngre på ein måte som eg misunner dei.

Dette var alt for denne gong, eg håpar det vert ein fantastisk kamp med mykje bra rugby og at poengene blir med på flyet heim att søndag!

Om du har lyst til å sjå på er avspark kl 13:00 på Voldsløkka (passande nok). Håpar å sjå deg der!

Anders

Innhaldet i denne posten representerer forfattarens syn og er ikkje nødvengdigvis synet til Bergen Rugbyklubb.